31.10.08 Happy fødselsdag til meg!
Ja så er det ein start på å få ferdig det som ikkje blei gjordt for eit år sidan. Denne dagen har eg fortsatt godt i minnet, sjølv om det no er ein ti månader sidan.
Eg var som vanleg på jobb på tidleg vakt, jobba og kava på. Eg fekk sjå korleis kokken som til vanleg var på forrett sto no på dessert. Det var hans jobb å laga til kaka som eg skulle få seinare på dagen. Eg måtte til og med kjøpe med meg eigne jordbær til kaka.
Eg hadde som sagt tatt over for dei to Mathiasane så det var å få laga klar mise en plasen til kokkane og så få laga til min egen mise en plase. Under service sende eg ut canapes og mise en bouche.
Etter service og nedvask av kjøkkenet gjekk eg av vakt og gjekk for å møta mamma og pappa. Me pakka og gjorde alt klart til å reisa dagen etter og eg fekk ein kjempe flott frakk i fødselsdags presang.
Så var det å gå til Le Lisita, me hadde bestilt bord og skulle der å eta fødselsdagsmiddag. Eg hadde på forhand sagt i frå at eg var allergisk mot nøtter, det hadde eg no forsåvidt sagt om og om igjen, men det gjekk liksom ikkje inn til tross for at dei hadde laga ei egen kake til meg. Det var nemlig kaker klare for slike anledninger på frys, men dei var det nøtter i. Eg ga beskjed til servitøren når me hadde bestilt, så kom vinkelneren bort med aperitiff som i dag var en appelsin juice med grenadin.
Me fekk canapes, før me fekk første rett som var ei bønnesuppe med hasselnøttolje, jepp de klarte å tabbe seg ut på første retten. Slik kan det gå. Fekk servitøren til å komme tilbake og fekk ein ny porsjon etter litt.
Så fekk me kanskjel med pære chutney, noko som er det beste eg nokon sinne har smakt, det var ein sterk og smakfull blanding som passa so enormt godt til dei perfekt steikte kamskjella.
Kan dessverre ikkje hugsa på ståande fot kva som var fiskeretten, men det kan eg komme tilbake til når eg har fått gått gjennom bileta fra den dagen.
Kjøttretten kan eg hugsa som om eg fortsatt har den på tunga, det var noko som eg sjølvsagt ikkje hugsar navnet på men det er det beste kjøttet eg nokon sinne har ete. Eg bestilte kjøttet steikt medium til rå, dette var absolutt rigtig gjordt av meg, det smakte heilt framifrå. Ved siden av var det ein løk og persille capuchino. Også denne var ein drøm. Det var også noko sopp og steikte poteter, veldig gode men ikkje på langt nær så bemerkelsesverdig som kjøtt og capuchino.
Så fekk me litt ost før det kom inn fødselsdagskake med rakett.